Gå til hovedinnholdet.

Våre aktiviteter

Riktigere legemiddelbruk hos eldre

Publisert 14. september 2012 | Oppdatert 10. mars 2020

Tverrfaglege legemiddelgjennomgangar førte til reduksjon av medikament og nedgang i fall

Tverrfaglege legemiddelgjennomgangar førte til 30 % reduksjon av roande medikament og sovemidlar, og det vart dokumentert 50 % nedgang i fall på sjukeheimen. I heimetenesta vart det rapportert betra livkvalitet, og ein avdekka behov for betra oppfølging av helsetenester for eldre
 

Hensikt og mål

Kartlegge om eit tverrfaglig samarbeid med lege, farmasøyt og sjukepleier ville styrke oppfølginga rundt den enkelte sitt legemiddelbruk på sjukeheim og heimeteneste.

Tiltak

Etablere tverrfaglege team for systematisk gjennomgang, endring og observasjon av legemiddelbruken hos eldre på sjukeheimen og heimetenesta, beståande av lege, farmasøyt og sjukepleiar.

Gjennomføring og resultater

Prosjektet vart todelt og gjennomført på Kvaløysletta sjukeheim og Kvaløya heimeteneste. Ved sjukeheimen var alle avdelingane involvert i prosjektet, medan heimetenesta fylgde opp ei gruppe på seks pasientar.

Tverrfaglege grupper bestod av sjukepleier, lege og farmasøyt. Erfaringar frå «Gjennombruddsprosjektet» på Kroken sjukeheim vart lagt til grunn.

Søvnmønster, falltendensar, uro og smerteproblematikk vart registrert hos de eldre. Det vart teke blodprøvar, vekt og målt blodtrykk. Heimetenesta registrerte også plager med tung pust og hudkløe.

Observasjonstida ved sjukeheimen var fire veker, medan observasjonstida i heimetenesta kunne bli opptil ti veker avhengig av sjukdomsbilete og medikamentsamensetnad.

Ulike legar jobba opp mot sjukeheimsavdelingar på timebasis, og i heimetenesta har brukarane forskjellige fastleger. Dette gav auka utfordringar for gjennomgang og oppfølging.

Pasientar på sjukeheimen vart lite negativt påverka av medisinendringane til tross for at bruk av roande midlar og sovemidlar vart redusert med 30 %. Derimot viste registreringa 50 % nedgang i fall, betre oppfølging i forhold til væske/ dehydrering og iverksetjing av andre tiltak ved aukande uro. Ein bebuar fikk som fylgje av den generelle kartlegginga i prosjektet, betre helse, og valde i samråd med pårørande å flytte heim.

Av heimetenesta sine seks pasientar fekk tre endra eller seponert store delar av sine medisinar. Tre pasientar fekk henvising til spesialisthelsetenesta for vidare utredningar; to for undersøking av hjarta og ein for undersøking av tarm grunna mistanke av bløding. Ein annan pasient fikk påvist at diabetesplagene hadde utvikla seg. Det vart rapportert om betra livskvalitet hjå fleire av dei seks brukarane. Ein vart frisk nok til å oppnå målet sitt om å dra i ein viktig konfirmasjon.

Tverrfaglig, systematisk gjennomgang av legemidlar hjå heimebuande eldre byr på større utfordringar enn på sjukeheimen. Kognitive problem hjå enkelte pasientar og store geografiske avstandar kan være kompliserande faktorar. Våre erfaringar viser at tilsvarande framtidige prosjekt i heimetenesta må søke nye løysingar for å betre observasjonsmuligheitene hos enkelte pasientgrupper.

Prosjektgruppa anbefaler at tverrfaglege medikamentgjennomgang vert implementert i Tromsø kommune, og at farmasøyt deltar i dette arbeidet. Den tverrfaglige modellen hevar kvaliteten på helsetenesta rundt den enkelte pasient i sjukeheim og heimetenesta.

Bakgrunn for prosjektet

Ein kan unngå ein stor del av legemiddelrelaterte problem hjå eldre, dersom den enkelte sin legemiddelbruk vert gjennomgått og justert. Dette må skje regelmessig og systematisk. Helsetilsynet har funne store manglar ved rutinar for legemiddelgjennomgang av pasientar i sjukeheim (7/2010). Og minst éin av ti sjukehusinnleggelsar av eldre på medisinsk avdeling skuldast feil bruk av legemidlar. (jfr. Pasientsikkerhetskampanjen «I trygge hender»).
Sommeren 2010 fikk Tromsø kommune, ved USHT Troms, tildelt midler fra Helsedirektoratet til prosjektet «Riktigere legemiddelbruk for eldre i sykehjem og hjemmetjeneste i Tromsø kommune».
 

Samarbeidspartnere

Kvaløya heimeteneste og Kvaløysletta sjukeheim, fastlege frå Kvaløysletta legekontor, tilsynlege frå Stortorget legekontor og tilsynsfarmasøytar for sjukeheimen og heimetenesta
Tips en venn
Send til e-post:
Fra e-post:
Melding: