Veglo 5 – eit dagtilbod for menneske med demens
Førde kommune kjøpte ein einebustad med adresse Veglo 5 for å etablere eit dagtilbod for heimebuande med demens.
Tilbodet skal bidra til å gje nødvendig avlastning for pårørande som står i ein krevjande omsorgssituasjon, og bidra til at den enkelte får mulighet til å leve og bu sjølvstendig slik at dei kan bu heime så lenge dei ynskjer og det er fagleg forsvarleg.
Utviklingssenteret har i avtale med Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling for helsefag, engasjert høgskulelektor Toril Midtbø i ein delstilling for å vere ein ressurs på dagsenteret med rettleiing og faglege innspel.
Mål og hensikt
Arbeidet skal bidra til at heimebuande personar med demens får ein meiningsfull kvardag med fokus på aktivitet, oppleving av meistring, tryggleik og sosialt samvær. Aktivitetane skal stimulere til å halde ved like dagleglivets funksjonar hos brukarane
Tiltak og gjennomføring
Aktivitetar:
Aktivitetane skal vere til glede og nytte, det er viktig å finne balansen mellom aktivitet og kvile. Gode augneblink skal skapast og delast, til dømes via:
- Velvære
- Song
- Måltidsfellesskap
- Bruke kroppen, plante, plukke stein, plukke bær
- Handarbeid
- Markering av høgtider
- Turar
Pårørande:
- Tilby pårørande fellesskap/møteplass (ved ettermiddagskaffien kvar mandag, kl 14-15)
- Telefonkontakt, SMS eller epost med pårørande minst ein gong i veka. Særleg aktuelt for pårørande som ikkje har høve til å møte på dagsenteret (geografi, arbeidstid m.m)
- Kommunikasjonsbok som skal nyttast minst ein gong i veka
- Faste individuelle samtaler
Støttekontaktar /frivillige
- Opplæring og «bli kjend» /møtepunkt; for eksempel at støttekontakten deltek ved kaffistund kl. 14 på dagaktivitetssenteret. Opplæring i høve samhandling med demenssjuke; kommunikasjon, høvelege aktivitetar, korleis takle uro osv.
- Informasjonsmateriell; verdigrunnlag i tenesta, informasjon om sjukdommen demens, aktuelle artiklar m.m.
Resultat
Utarbeid rutiner og system som ivaretek god kvalitet på dagtilbodet
Samarbeidspartnere
- Høgskulen i Sogn og Fjordane v/Toril Midtbø