USHT Vestland (Sogn og Fjordane) er leverandør for ABC-opplæringa
ABC-opplæringa er eit kompetansehevande tiltak utvikla av Nasjonalt senter for aldring og helse på oppdrag fra Helsedirektoratet. Målgruppa er tilsette i kommunale helse- og omsorgstenestene.
USHT Sogn og Fjordane: Ansvarleg
Finansieringskilde: Nasjonal kompetansetjeneste for Aldring og helse
ABC-opplæringa er ein tverrfaglig opplæringsmodell utvikla av Nasjonalt senter for aldring og helse på oppdrag fra Helsedirektoratet. Målet er å gi tilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene moglegheit til å tilegne seg oppdatert fagkunnskap knytt til aktuelle fagtema, og å styrke kunnskapen om kva som er god praksis i henhold til nasjonale retningslinje, lovverket og forskrifter.
Opplæringa er for alle, uavhengig av utdanning, rolle eller yrkesbakgrunn.
USHT Vestland (Sogn og Fjordane) tilbyr opplæring på desse fagområda:
Demensomsorg
Demensomsorgens ABC er samla i to permar, og gir nødvendig og oppdatert kunnskap om demens, personsentrert omsorg og miljøbehandling, i tråd med anbefalingane i Nasjonal faglig retningslinje om demens
Eldreomsorg
Eldreomsorgens ABC gir auka kunnskap om aldringsprosessar og korleis ein som helsepersonell møter personar med ulike aldersrelaterte utfordringar, og bidrar til at tilsette i helse- og omsorgstenestene får oppdatert og videreutvikla sin kompetanse i tråd med krav og behov i eldreomsorga.
Eldreomsorgas ABC gir moglegheit til fordjuping i Geriatri, Funksjonshemning og Psykiske sjukdommar.
Musikkbasert miljøbehandling
Musikkbasert miljøbehandling er eit opplæringstilbod om integrert musikk, sang og bevegelse i miljøbehandling. Opplæringa gir kompetanse i bruk av musikk for å auke livskvalitet, meistring og eigeverd for pasientar og brukere, og gi nye verktøy for å betre tilsette sin kvardag.
Utviklingshemming
Mitt livs ABC omfattar ei grunnleggande opplæring i viktige tema innan tenesteyting til personar med utviklingshemming, gjennom livsløpet. Arbeider du med barn, vaksne eller eldre i for eksempel barnehage, skule, tilrettelagte arbeidsplassar eller i bufellesskap, er dette kompetansehevingsløpet for deg.
Les meir her: ABC opplæringsmodell - Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester (ushtsognogfjordane.no)